Kennel Skåtfjellet

Oppdrett av korthåra vorsteh!!!

 

 

 

 

 

 

 

 

Kennel Skåtfjellet er ein liten kennel som held til på Oppheim i Voss kommune ca.to timar frå Bergen.

Vårt hovudmål er å avla fram korhåra vorsteh.

Avlstispa vår er for tiden Birkeskogen's Zanni. Ei heilbrun tispe med godt gemytt og gode jakt-og viltfinnareigenskaper. Ho har vore ein fantastisk hund heilt ifrå me fekk henne som liten. Lettdressert og ein framifrå familiehund. Me har tre ungar på 7, 9 og 11 år og dei kosar seg ilag med hunden kvar einaste dag.

Då ho var 7 mnd var ho med på sin fyrste skikkelege jakt-tur og viste allereie då at det budde mykje bra i ho. Og etter kvart melde me hunden på fuglehundprøvar som bekrefta det me hadde sett. Dette førte så til at me ville prøva og avla på Zanni. Val av hannhund enda på svenske Teiens Hermann, ein nesten heilsvart hannhund som har gått rett til topps på kort tid. Me valde å behalde ei av tispene frå dette kullet, den heilsvarte Inka. Akkurat som mora er ho ein enkel og grei hund som allereie har debutert på jaktprøvar og gjort det bra.

 

 

 

Kontaktperson: Tom Lilletvedt tlf.90884186 e-post: lillet2@online.no

www.skaatfjellet.no